Tilbake
Gunn Evensen
Gunn Evensen
Gunn Evensen
Gunn Evensen
Gunn Evensen

BRIKKEDILLA - Vev eit band med brikkevev! H19/V20

Vev eit band med brikkevev er ein produksjon som gjev elevar på 6. og 7. trinn ei innføring i brikkevev – ein bandvevteknikk med røter attende til forhistorisk tid. I vikingtid og mellomalder nådde teknikken eit høgdepunkt, og han er framleis i levande tradisjon i Noreg. Dette gjeld spesielt i Aust-Telemark, der brikkevovne band blir bruka til bunaden. Det breie midjebandet til beltestakken er t.d. vove med brikker. Med brikkevev kan ein veve flotte og kompliserte mønster, og somme av desse har etter gamal folketru hatt symbolsk og vernande innhald.

Sjølve vevteknikken er enkel, kan brukast til mykje forskjellig og kan utførast med enkle reiskapar. Ein brukar gjerne firkanta brikker av papp, med hol i kvart hjørne. Ein trær renningstrådar i hola etter eit mønster framstilt som koordinatsystem, slik elevane kjenner det frå matematikktimane. Her er det i utgangspunktet stort rom for fantasifulle effektar med garn og fargar. Men i dette programmet får elevane utdelt ei ferdig ullgarnsrenning som dei sjølve skal træ i brikkene. 

Elevane får øving i å bruke reiskapar i samspel med eigen kropp. Både sitjestilling, handgrep, fingertuppkjensle og synet må brukast medvite. Dei må gjere ting i rett rekkjefylgje og arbeide konsentrert, dersom bandet skal få den breidda dei ynskjer og bli jamt. Dei må både vurdere og justere teknikken undervegs. Til gjengjeld får dei oppleve gleda av å "flyte" med i arbeidsrytmen og gløyme tid og stad, og ikkje minst av å sjå eit mønster vekse fram. Etter kvart som dei meistrar teknikken, vil dei kunne komponere eigne motiv og effektar i vevflata. Elevane får òg lære korleis ein kan avslutte og pynte det ferdige arbeidet.

Det å kunne fordjupe seg i langsam skaping med hendene på denne måten, representerer ein kjærkomen kontrast til den digitale og hurtig omvekslande kvardagen elevane vanlegvis er omgjevne av.

Produksjonen har stor appell både for jenter og gutar.  Og alle greier å få til eit konkret resultat: Eit fint band, som dei får med seg heim.

​​​​​​​Bandet elevane lagar kan t.d. brukast til nykelring, hårband, panneband, bokmerke, armband eller liknande.

Lærerveiledning

Last ned:
Førebuing av elevar før besøket

Elevane vi få eit større utbytte av formidlinga om dei kan meistre følgjande oppgåver på førehand:

•    Træ tråd i ein stoppenål
•    Knyte ei knute med ein/fleire trådar
•    Lage/ knyte ei sløyfe
•    Lage ei flette

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Den kulturelle skolesekken Telemark
  • Kunstnere/grupper: Gunn Evensen
  • Produsent: Gunn Evensen i samarbeid med DKS Telemark.
  • Idé/opplegg: Formidlingsopplegg brikkevev: Gunn Evensen

Om kunstner / utøver / gruppe

Gunn Evensen - Rand og rose tekstilverkstad, vev, klær, tekstil og tilbehør / hjemmeside

Publikumskommentarer